Aksello AS - Ledige stillinger

Ledige stillingar hos Aksello AS

Vi er på jakt etter deg som ynskjer å utvikle framtidas næringsliv og arbeidsplassar saman med oss.

Les meir om kva vi i Aksello gjer og kvifor vi no treng fleire medarbeidarar.

For å gjere det enklare for deg å melde di interesse til oss, har vi tatt i bruk eit virtuelt skjema, der du og har moglegheita til å presentere deg på video. Klikk Søk no for å melde di interesse.

Vi handsamar søknadar fortløpande.

Søknadsfrist 01.10.2021

Vi søker:

Innovasjonsrådgjevar

Innovasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 01.10.2021

Dette er stillinga for deg som:

  • Har relevant utdanning, gjerne innan innovasjon og forretningsutvikling
  • Brenn for innovasjon og næringsutvikling
  • Er komfortabel med digital kommunikasjon
  • Kjenner til forretningsutviklings-prosessar
  • Likar å jobbe med næringsaktørar og har evna til å skape tillit
  • Likar å arrangere og legge til rette gode møteplassar
  • Er løysingsorientert, ryddig og resultatorientert.
  • Er god på å jobbe i team
  • Er positiv og blid

Oppgåver du får som del av vårt innovasjonsteam

Ta imot alle som henvender seg til Aksello med gode idear og behov for hjelp og rådgjeving

Rådgjever til individuelle gründerar og næringsliv direkte

Prosjektarbeid og deltaking i enkeltståande prosjekt

Arrangere viktige møteplassar for gründerar og næringsliv der innovasjon og berekraftig utvikling står sentralt

Du vil bli ein del av eit team som er oppteken av å dele informasjon digitalt, og sikre at vi både er tilgjengeleg og oppdatert i sosiale medier og andre kanalar.

Senior Innovasjonsrådgjevar

Senior
Innovasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 01.10.2021

Dette er stillinga for deg som:

  • Har relevant høgare utdanning
  • Har erfaring frå leiing og drift av selskap
  • Har sterk kommersiell forståing
  • Gjerne har erfaring med investorar og kapitalinnhenting
  • Har god kjennskap til forretningsutviklings-prosessar
  • Har marknadskompetanse og nettverk innan relevante bransjar
  • Er god på å rettleie og dele informasjon og kompetanse
  • Trivast med å forholde deg til ulike roller og mennesketypar
  • Er strukturert, løysingsorientert, positiv og blid
  • Er god på å bygge team og evna til å skape tillit

Oppgåver du får som del av vårt innovasjonsteam

Rådgjevar for våre inkubatorbedrifter og i hovudsak rettleie forretningsutvikling i enkeltståande gründerselskap

Rådgjeving i høve knoppskyting og omstilling i det etablerte næringslivet

Initiere og søkje gode prosjekt som sikrar Aksello dei rette virkemidlane for arbeidet vi gjer regionalt

Samarbeide tett med det teamet i Aksello for å sikre gjennomføring av strategien i selskapet

Deltaking i, og bidrag til gjennomføring av arrangement, for å sikre gjensidig tillit mellom Aksello, gründerar og næringsliv

Prosjektleiar

Prosjektleiar

Søknadsfrist: 01.10.2021

Dette er stillinga for deg som:

  • Har relevant høgare utdanning
  • Gjerne har PLP eller anna prosjektsertifisering
  • Har erfaring frå prosjektleiing
  • Har erfaring med rapportering og søknadsskriving
  • Har kunnskap og kompetanse innan samfunnsutvikling og næringsutvikling
  • Kan kombinere strategiske evner med operativ tilnærming
  • Er resultatorientert
  • Er god på å leie og bygge team
  • Er strukturert og løysningsorientert
  • Er positiv og blid

Vi tilbyr:

Eit fagleg spanande og interessant arbeidsmiljø i sentrum av Florø, med moglegheit for kompetanseheving og vidare utvikling av deg og dine evner. Eit innovativt miljø der alle arbeider for morgondagens berekraftige løysingar.

Aksello har kontor på Peak i Florø og tilbyr dermed eit oppblomstrande kontorfellesskap med stort nettverk og sosiale lunsjfasilitetar. Vi er i tillegg konkurransedyktig på løn og har gode pensjonsvilkår.

Slik søker du:

Klikk Søk no, og følg skjemaveiledningen. Vi gjer kontinuerlege vurderingar og tar kontakt med aktuelle kandidatar fortløpande og innan fristen 1. oktober. 

Aksello er eit næringsutviklingsselskap og inkubator med utspring frå Florø.

Vår visjon er å skape og sikre arbeidsplassar i vår region.

 Gjennom vekst og omstillingsprogram støtter vi næringslivet med rådgjeving og finansiering til å gjere dei rette vala for å skape framtidige berekraftige arbeidsplassar.

Gjennom inkubatoren vår hjelper vi dei nye gründerane og knoppskytingane frå eksisterande næringsliv med å lykkast med innovasjon, nyskaping, testing, kapitalinnhenting og realisering av nye berekraftige løysingar.

For å nå måla våre treng vi fleire dyktige foretningsutviklarar og rådgjevarar som brenn for innovasjon og nye idear.

Er du vår nye kollega?

Kontaktinformasjon

For spørsmål vedr. stilling eller søknad, ta kontakt.

Virtuelle intervju - virtuelt intervju - digitalisering - videointervju - automatisering - rekruttering

Lone Bareksten
Dagleg leiar

Epost: lone@aksello.no
Tlf: 47 26 26 35